Erling Mortensen, eller «Erlingen» som han er betre kjent som, har i årtider skapte glede i Os då
han gjekk med posten mellom Rådhuset, Sjukeheimen og Luranetunet. Han helste i sitt virke på alle som han møtte på og alle som kjørte forbi.
St Hans 2024 vert Erlingen 70 år. Me ønsker å hylla han og gruppa han representerer med ein skulptur i bronse. Skulpturen er påbegynt av Arne Mæland som har hatt gleda av å jobba saman med Erling og familien.
Det er planlagt ein flott markering med avduking av skulpturen på Osøyro 22. juni 2024. Me håpar at fleire vil vera med å hylle denne flotte mannen og gruppa han tilhøyrer.
Os kulturutvikling inviterer alle vener og kjente til å gi ein gåve på Vipps til OK Galleri – #97973. Merk gåva med «Erlingen».
Pengane som samlast inn går i sin heilheit til skulpturprosjektet. Om det vert samla inn meir penger enn skulptur og arrangementet koster vil dei pengane gå til Torsdagsgruppa sitt arbeid.
Sjå Os og Fusaposten sitt intervju med Erling her